Tak og fasade · Ørsta
Renovering av tak og spesialproduksjon
I 2026 hadde vi gleda av å levere eit unikt prosjekt i Ørsta. Vi renoverte taket på eit bustadhus og bygde om den gamle pipa til eit utsiktstårn.

- Stad
- Ørsta
- Prosjekttype
- Tak og fasade
- Ferdigstilt
- 2026
- Materialar og løysingar
- Utbetring av råteskadar, Oppretting av taket, Ny lufting, Nytt taktekke frå Plannja Trend 475, Klargjering for solcellepanel, Ombygging av gammal pipe til utsiktstårn, Utsiktstårnet bygd i vår eigen produksjonshall
Om prosjektet
Taket hadde mykje råteskadar som vi utbetra, og vi retta opp taket der det trongst. Etter at vi hadde laga ny lufting, monterte vi nytt taktekke frå Plannja Trend 475 og gjorde taket klart for solcellepanel.
Deretter bygde vi om den gamle pipa til eit utsiktstårn. Vi tok mål på staden og bygde tårnet i vår eigen produksjonshall før det blei montert på huset.
Tusen takk til kunden for tilliten!
Del prosjektet
Kopier lenken eller del direkte.
Bilete frå prosjektet
Fleire prosjekt

Tak og fasade · Volda kommune
Nytt tak på to tomannsbustader
I 2025 la vi nytt tak frå Plannja Trend 475 på to tomannsbustader i Volda kommune. Vi tok ansvar for heile jobben, frå riving av det gamle taket til ferdig tak.
Sjå prosjektet →
Tak og fasade
Nytt tak på bustadhus, garasje og utestove
I 2026 fekk dette bustadhuset eit heilt nytt uttrykk då vi la nytt tak frå Plannja Trend 475. Vi la nytt tak på både bustadhuset, garasjen og utestova.
Sjå prosjektet →
Nybygg · Ørsta Camping
Utleigehytter
I 2024 leverte Din Handverkar AS fire flotte utleigehytter til Ørsta Camping. Prosjektet blei gjennomført som totalentreprise, der vi koordinerte alle faga f…
Sjå prosjektet →Har du eit liknande prosjekt?
Fortel oss kva du planlegg, så tek vi ein prat om korleis vi kan hjelpe deg vidare.
