Hopp til hovudinnhaldet

Om oss

Kvalitetshandverk og nøgde kundar sidan 1985

Byggmeister og totalentreprenør i Volda for nybygg, tilbygg, ombygging og rehabilitering.

Handverkarar frå Din Handverkar sagar plate med handstyrsag på byggeplassen

01

Kven vi er

Din Handverkar vart etablert 20. februar 1985 av Dag Ivar Bjerknes. Frå ei lita handverksbedrift som leverte mindre byggeprosjekt, har vi vakse til ei bedrift med 10 tilsette. Sidan 2020 har vi vore kjende som Din Handverkar AS.

Fritidsbustad bygga av Din Handverkar på Lepsøya

02

Fagkunnskap og erfaring

Vi leverer bustadhus, hytter, tilbygg og rehabiliteringsprosjekt til både privatpersonar og bedrifter. Vi er Mesterbedrift og godkjend lærebedrift, og har lang erfaring med både nybygg og rehabilitering av eldre hus.

Byggjeteikningar og materialprøver på eit arbeidsbord

03

Slik jobbar vi

Som totalentreprenør hjelper vi deg med heile prosjektet – frå planlegging, idéskisse og prosjektering til søknader, bygging, ferdigstilling og overlevering. Vi koordinerer underleverandørar som elektrikar, røyrleggjar og kjøkkenleverandør, og teiknar og prosjekterer i samarbeid med partnaren vår Riste Arkitektur.

Lys stove med store vindauge og utsikt mot fjorden

04

Kvalitet og oppfølging

Arbeidet blir utført med stor nøyaktigheit og kvalitet, og vi legg vekt på å ha nær kontakt med kundane våre. Vi har stor yrkesstoltheit og ønskjer alltid å levere produkt og service som kundane blir nøgde med.

Digital brosjyre

Bla i firmabrosjyra vår

Vil du sjå meir om korleis vi jobbar, verdiane våre og kva vi kan tilby? I den digitale brosjyra finn du ein samla presentasjon av Din Handverkar AS.

Opne digital brosjyre ↗ (opnar i ny fane)

Har du eit prosjekt i tankane?

Fortel oss kva du planlegg, så tek vi ein prat om korleis vi kan hjelpe deg vidare.

Ta kontakt med oss